NyheterNy speleplass fram til jul!
03.11.2022
Me har fått plass hos Svortland Skule(barneskulen). God parkering og der. Vanleg speletid : Måndag kl 18 MØT OPP! Rune og Per vann 3.kveld av Klubbmesterskapet 31.10 med kanonscore!
31.10.2022
Kjell og Endre på fin 2.plass! Haugaland 1 ligg som nr 8 av 12 etter første helg av 2.div. Til helga er det 4.div med to gode lag frå Rubbestadneset Bk Lykke til! Arvid og Jens Erik vann 2.Kveld av Klubbmesterskapet 24.10.22!
24.10.2022
Daniel stakk av med 2.plassen og resten av Karamellpuddingen! Jorunn og Inge vann 1.Kveld av Klubbmesterskapet 17.10.22!
17.10.2022
Rune og Per kneip 2.plassen! Husk 200 kr til Elin for alle som var med til Utsira!
Daniel og Trond Are vann 5.Kveld av Haustturneringa 10.10.22!
10.10.2022
Lars Magne og Anne Marie vart nr 2. Dei to para i samme rekkefølge med HCP og. Arvid og Jens Erik vann og 4.Kveld av Hausturneringa 03.10.22!
03.10.2022
Daniel og formannen vart nr 2. Med HCP toppa Gustav og Oddmund framfor John og Birger! Flotte 6 bord i kveld! Kjekt! Jens Erik og Arvid vann suverent 3.Kveld av Haustturneringa 26.09.22!
27.09.2022
Dei vann og me HCP. Kjell og Endre nr 2 på begge lister. Spillingen blir på Siemens Bømlo dei neste 3-4 vekene!
21.09.2022
Inntil oppussingen på hotellet er ferdig, har me vore så heldige å få spela på Siemens Bømlo , Ternetangen 65. Spelingen er i 2.etg til vanlig tid kl 18. Nb! Røyking må skje på oppmerka plass ute, dvs ein må ta heisen ned og gå ut. Vel møtt!
|