Frå starten og fram til i dag er det ifølge oversikten delt ut nesten 323 000 klubbpoeng til dei 230 spelarane som har oppnådd poeng.
Ei rekke av spelarane, spesielt i den øvste delen av lista, er trufaste klubbmedlemmer som har vore ein del av bridgeklubben i mange tiår. Lenger nedover på lista finst òg mange som har budd og spelt bridge i Sauda i kortare periodar.
Liste inneheld også namna på spelarar som har gått på kurs og spelt ein kort periode etterpå, spelarar som har vore innom i samband med jobb- og feriereiser og ivrige bridgefolk frå naboklubbar som har tatt turen innom no og då.
I Adelskalenderen står også meir kjende bridgenamn. Desse har typisk spelt velkomstturneringa til lagturneringa Sauda Cup rundt 2010, der det blei delt ut klubbpoeng.
I ein slik oversikt, som femnar om aktiviteten i klubben i over 50 år, finn ein sjølvsagt også mange spelarar som ikkje lenger er i blant oss. For min eigen del vekker mange av desse namna gode minne.
Fleire av dei som har gått ut av tida var elles aktive bridgespelarar til det siste.
Ein av dei ivrigaste var Lars Sjøhus. Han står framleis, 31 år etter at han gjekk sin siste beit, på 15. plass i adelskalenderen. Han rakk så vidt å spela seg til ein femteplass i sommarturneringa det året han takka for seg, og sluttresultatet stod i Ryfylke etter at hans «avgang» var annonsert…
Ein vårdag nokre år i førevegen kom Lars innom på Essostasjonen, der bridgespelarar hadde det med å dumpa innom for litt bridgedrøs hos Egil N. og Nils H.
− E da nåke speling i helga? undra Lars.
− Skulle ikkje du i konfirmasjon, då, svara Egil.
− Å, eg har skofta lang meir alvorlege ting enn da, kom det frå ein spelesugen Lars, på sin klingande Odda-dialekt.
Første gongen eg spelte med Lars, var ein sommarbridge-kveld på slutten av 80-talet, då alle måtte trekka makker i denne turneringa. Etter diverse velvaksne «egg» frå underteikna, enda kvelden under middels. Lars var ikkje særleg imponert, men gjorde ikkje noko nummer ut av stikk- og poengsløsinga mi.
Måndagen etter gav makkertrekkinga same resultat. Lars var ute eit ærend då sjølve trekkinga skjedde, og eg måtte litt flau informera han om utfallet.
− Det blei visst oss i dag og, Lars…
− Seie du da? Ja, i dag vinn me, meinte han.
Og fekk rett…
/Knut Atle
Adelskalenderen? Den er her :-)